13. nov. 2010

Ole Paus og Halvsøstrene


Som eg har skrive tidlegare her i bloggen er eg glad i bøker. Eg likar å ha hyller fulle av bøker. Gjerne med notatar skrive med kulepenn for mange år sidan. Gjerne med gule lappar i. Eg likar alle slags bøker, men eg er særleg svak for ordbøker og diktsamlingar. Romanar er kjekke dei og - men dei treng ein ikkje samle på, dei kan ein godt låne på biblioteket. Eg likar også bibliotek, det skal eg skrive meir om seinare.

Eg er ikkje åleine om å like bøker. Eg er leiar  i ei forening som heiter Halvsøstrene. Vi er ingen lesesirkel, men vi likar lesesirklar.Vi er bokbadarar som lagar møte mellom forfattarar, kjende som ukjende, og lesarane deira. Lars Saabye Christensen var den første som kom, det er meir enn 5 år sidan. Vi har førspel med musikk og så intervjuar vi forfattaren, slik som vi veit det går føre seg i dei store byane og på tv. Etterpå er det signering og prat. Det er så kjekt, folk hyggar seg og dei kan prate med forfattaren om boka, eller med andre lesarar.
Her er eg saman med Ole Paus, han har skrive utruleg godt og morosamt om blant anna Josef, tømmermannen altså, og om Drillo, trenaren. Eg samtala med han om bøkene, om musikken og alt muleg anna han har vore med på.

Eg kom til å tenke på at dette ikkje har så mykje med den digitalt kompetente skulen å gjere. Det kan kun koblast på den måten at eg før har skrive om boka sin affordans, altså det boka har som ikkje andre medier kan by på. Boka er handfast, ho er ein ting. Det er noko anna å gje ei fin innbunden bok i gåve enn ei lydbok, eller ei MP3-fil. Den har ein aura og affeksjonsverdi som dei nye media enno ikkje har.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar