18. nov. 2010

Utdanning er ikkje føremålet med skulen

Mange meiner at barna går på skulen for å få seg ei utdanning, men slik er det ikkje. Sjølv om skulen bidreg til utdanning, er skulen til for danning av mennesket til deltaking i samfunn og demokrati. Dette er ei større oppgåve, så det å berre sjå på skule som utdanning er både eit instrumentalistisk  mistak, og reduksjonisme. Det er, kort fortalt, dette Kurt Nielsen skriv som innleiing til artikkelen "Om forskellen, der gør en forskell - pedagogisk ledelse er en særlig form for ledelse". 

Managementerialismen i NPM forutset eit over - underordingstilhøve mellom den som leiar og den som vert leia, og der leiaren har definisjonsmakt og makt til å skjere gjennom. Slik er det ikkje med pedagogisk leiing som må vere dialogisk, med ein subjekt - subjektrelasjon mellom leiaren og lærarane. Leiaren kan ikkje berre basere seg på sin legale leiarrolle, men må også ha opparbeida seg legitimitet hos dei han skal leie. Dette er direkte kopla til samfunnsmandatet fordi skulen  - som skal danne mennesket til demokrati og deltaking -  må vere prega av desse verdiane i kommunikasjon og handlingar på alle nivå.

Dette er då opplagt, tenker eg - og kanskje du som les - men likevel kan ein sjå at det vert gløymd når skulen vert vurdert. Ein kan sjå det problematiske i at retorikken kring skulen er slik at  det ikkje openlyst vert teke avstand frå det pedagogiske perspektivet, men at dette vert fortrengd og forminska av di det økonomiske perspektivet kjem i fokus.

EU lagde i 2000 ein strategi for å gjere Europa til den mest konkurransedyktige kunnskapsøkonomien i verda innan 2010 (Lisboa-prosessen). Noreg er ikkje mindre oppteken av dette: "Norge står overfor mange krevende oppgaver. Økende samhandling og konkurranse globalt, store miljø- og fattigdomsproblemer i verden og nasjonale velferdsoppgaver vil kreve oppdatert og ny kunnskap dersom vi skal kunne skape et godt samfunn og bidra til en mer rettferdig og bærekraftig verden. Norge lever i stor grad av næringer som krever høykompetent arbeidskraft. Slik vil det være også i framtida" (StM 44, 2008-09: 5).

Ein ser at også i Noreg vert skule og kunnskapsproduksjon i stadig aukande grad sett på som viktige konkurransefaktorar i ein globalisert kunnskapsøkonomi. I denne samanhangen er det at skuleleiarane skal gjerast ansvarleg for innhald og resultat. Kva for sider ved skulen er det som vert fokusert på i ansvarleggjeringa av skuleleiarane?  Tek dei indikatorane som vert bruka høgde for at skulens oppgåve er noko meir enn utdanning?

1 kommentar:

  1. Jøss, fikk til å blogge under samlingen, du;-)
    Stå på! Jeg følger med deg:-)

    SvarSlett