21. sep. 2010

Klassereisa

Då eg var lita skreiv eg ikkje så mykje. Jau, eg skreiv ein stil ein gong som vart så lang som stileboka var. Då sa frøken at vi fekk spare på papiret. Men ellers hugsar eg mest at eg las, eg las og eg las og eg las. Det fanst eit bibliotek i eit lite gult hus som var ei tyskarbrakke. Dit var det ikkje heilt trygt å gå når det var mørkt, meinte eg. Men eg gjekk, for mørkt var det jo, heile vinteren.  

Det var ikkje alt eg lånte som eg las, Churhills memoirer trur eg mest at eg berre kika litt i, men far min fatta interesse for boka. Bøkene om ho Angelique derimot, ei fransk aldelskvinne som kom seg fram i verda på den måten som kvinner kan om dei er vakre nok, saug ei i meg alle saman. Nokre bøker fekk eg ikkje låne, bibliotekaren meinte eg var for ung.


Men eg ville gjerne skrive, eg skreiv nokre stilar som læraren skraut av og far min var stolt av når eg kom heim og viste fram. Men det gjekk over. I gymnaset skreiv eg ikkje meir enn eg måtte, men eg rekna matematikk og valde differenisallikningar som valfag! For eg ville bli ingeniør, som far min. 

Seinare, då eg var blitt ingeniør kom eg igjen på at eg ville skrive, eg kjøpte ei svart skrivebok med raud rygg og stive permar. Boka bar eg med meg så eg kunne skrive ned om eg skulle komme på noko å feste på prent. Eg kunne vel kome på noko, ei forteljing eller noko djuptloddande or livsvisdomen min, meinte eg. Men det kom ingenting. Eg teikna nokre blomar og anna skribling i boka. Så ein dag tok eg ho ut or veska og heiv ho.

Sidan las eg om han Herr Swann. Han elska ikkje ho Angelique, men ho Odette, som han ikledde alle sine førestellingar om kvinna og kjærleiken. Slik var Swanns kjærleik. I ei billigbokkasse fann eg denne djupraude boka, som eg sidan skjønte berre var ei av mange som forfattaren hadde skrive i same serie. Så las eg meir, det eine førte til det andre og så var eg ikkje ingeniør meir, men lektor i den vidaregåande skulen.

Når du no, min lesar, undrast på kva denne stutt hogde livvsoga har i her bloggen å gjera, så skal eg svare deg. Denne daningssoga - eller klassereisa om du vil -  er reisa til det norske folket i etterkrigstida. Ein gong var nordlendingar og vestlendingar knytt til jorda og båten, så vart nokre av dei industriarbeidarar. Sidan drog mange av dei til universiteta og vart ingeniørar og lærarar og alle slags akademikarar. Somme sier at dag vil dei unge verte mediekonsulentar og programleiarar. Biletet er nok litt meir komplekst, når det gjeld kva ungdommar i dag vil, trur eg. Likevel synest eg det høver godt å sjå på etterkrigstida som ei kollektiv klassereise for det norske folket. Dei som har skrive om denne reisa er mange, men for meg er det Dag Solstad og Roy Jacobsen som gjeld.

Som du ser meiner eg biblioteka var eit heilt sentralt element i soga. Reisa har noko med lesing som grunnlag for skriving å gjera. Det er godt dokumentert at elevar som kjem frå ein bokleg heim med mange hyllemeter fyld av bøker gjer det godt på skulen. Men no kan det vel snart også dokumenterast at folk i framtida ikkje kjem til å kjøpe bøker for å setje dei i hyller. Vi har fått ebok, lydbok, ipad og lesebrett, desse er berre i kjømda og digitale fagbøker har ein nærmast eksponensiell vekst på Amazon.
Ein kan ikkje tenkje på lesing utan at tanken vil fare vidare til skrifta og skrivinga. Kva slags skrift avlar dei nye media? Skriving er noko anna enn det har vore. Kven er det som skriv i dag og kva skriv dei om? Korleis les og korleis skriv dei unge dei digitale tekstane sine?

Får dette noko å seie for lesing, læring og reisa til folket framover, anten den no kan skildrast som ei klassereise, eller vi får trong for eit nytt ord for å karakterisere ferda? Kven blir vinnarar og kven blir taparar i den digitale framtida? Kan vi lukkast med ei digitalt kompetent skule der denne kompetansen blir ein reiskap for utjamning?

2 kommentarer:

  1. Danningsreise mer enn klassereise, slik jeg ser det, men en danningsreise som var mer i samsvar med verdier og praksiser som ble støttet av den skolen du gikk på enn det dagens homo zappiens står overfor? Eller tar jeg feil?
    KOmmer vi på etterskudd, kan framtida lett komme til å "le" av oss: http://www.youtube.com/watch?v=xx2Slxp0TkM

    SvarSlett
  2. Det sentrale med IKT er vel nettopp kommunikasjonsdelen. På den eine sida det multimodale og på den andre sida det uendelege og grenselause aspektet. Du sit som eit individ og sender ut signal med ulikt meiningsinnhald, og så når det fram til andre - og kanskje blir dei gripne av ein felles ide. Er dette nettopp kjernen i digital kompetanse; først teknikk, så kommunikativ fridom og mot. Er det nettopp desse vegane vi som lærarar må få elevane våre til å sjå? Eg har i alle fall ikkje gjeve opp ideen om å innføra blogg i kjemiundervisninga mi.

    SvarSlett