12. sep. 2010

Blogging som akademisk sjanger

Eg kjenner at eg er klar for ein ekskurs, ein metarunde utanfor denne bloggen sin diskurs om den digitalt kompetente skulen. Dagboka, reiseskildringa, motespalten, alle slags sjangrar kan vel finnast i ein bloggversjon. Men, når eg no skal skrive ein blogg frå ein fagleg og akademisk stad kom eg til å undre meg over kva for stad dette er. Kva for slags utsyn over det digitale lendet rundt og i skulen gjev ein blogg meg? Kva for rørsler og røynsler kan eg rekne med å gjere her ute i bloggen, ute i den store verdsveven? Eg finn meg eit startpunkt og så krinsar eg rundt i håp om å finne eit godt utsiktspunkt.

Så kjem eg til å tenkje på at ein slik tur er den same rørsla som essayet, det personlege essayet i tradisjonen frå Montaigne, er så kjend for. Jammen trur eg at eg meiner bloggen er mykje i slekt med essayet -  eit syskjenbarn?  Terrenget liknar likevel meir på dei stadane det faglege essayet i tradisjonen frå Francis Bacon vitjer.

Eg trur eg vil at bloggen min skal vere eit forsøk på å skrive meg fram til innsikt og kunnskap i tråd med båe desse tradisjonane. Då vil skrivinga krevje sakleg argumentasjon og korrekt bruk av kjelder, alt slikt som den akademiske skrivinga inneber. Ja, og så kan eg tillate meg å flanere litt, rusle elegant mot høgdedrag eg trur eg ser i lendet, sjølv om eg kanskje går bomtur. Om eg vil kan eg syne meg fram, snurra rundt med alle dei fine orda eg kan som digitale festklede og skapa meg som ein nettflanør med ein interessant personlegdom.

Vent no litt, her er eg ikkje åleine.  Det kjem folk og kommenterer meg, skrivinga vert dialogisk på ein annan måte enn i essayet. Kanskje kjem det det ei heil fjølg med folk og knepp meg nedåt når eg skal til å utpeike den sanne veg. Kanskje kjenner dei andre vegar i landskapet enn meg. Eg får sjå til å høyre på dei vegfarande som kjem, kva for råd og tankar dei har. Dei har gjerne lese noko som eg også burde sjå på. Denne bloggen den ville nok han Bakhtin ha lika, skulle ønskje han hadde fått opplevd ein slik polyfoni.

"Ordet forsøk bind i hop tanken sin utopi om å treffe i mørkret og medvitet om at ein er feilbarleg og førebels." T.W. Adorno i Essayet som form.

1 kommentar:

  1. Du skriv: Eg trur eg vil at bloggen min skal vere eit forsøk på i skrive meg fram til innsikt og kunnskap i tråd med båe desse tradisjonane.

    Du legg lista høgt, og så langt går du over med glans.

    Glitrande, Anja!

    SvarSlett